top of page

Tenester :

Gratis oppsjekk og røntgen ved fyrste besøk.

Fyllingar :  porselen eller amalgam

Rotfylling

Trekking, vanleg måte eller operativt viss det er behov

Rens og polering, fjerning av tannstein

Kroner : den skadde tanna vert slipt ned ca 1-1,5 mm, slik at det kan plasserast ei porselenskrone utanpå. Er det snakk om framtenner, spesielt oppe, vert det anbefalt å bruka zirkonkroner, då desse ser endå meir naturleg ut enn porselenskroner.

Implantat ; er beinstrukturen i kjeven sterk nok, kan det setjast inn ei implantat-skrue som feste for ei krone. Fyrst vert skrua sett inn, og etter minimum tre månaders ventetid, slik at skrua får grodd seg godt til, kan ein gå vidare i prosessen og setja på ei krone oppå.

Protese : delprotese m/klikksystem, - i tilfelle der beinstrukturen i kjeven ikker er sterk nok til implantat, kan dette vera eit greitt alternativ. Elles vanlege proteser for under og /eller overkjeven. 

​Bleiking :  effektiv bleiking ved hjelp av laser. Avhengig av graden av inntak av "skadelege" stoffer,  slik som sigarettar, cola, raudvin m.m., skal effekten vara i opptil to Ã¥r

 


Før ein set i gang evt. behandling, vert det avklart med pasienten om evt. bruk av medisin og omsyn til evt. sjuksommar. Etter manuell kontroll og røntgen, vil tannlegen koma med sine anbefalingar til kva som må / bør / skal gjerast, men det er opp til pasienten åleine å avgjera kva han/ho vil ha utført.

Ved behov for eller ynskje om  bedøvelse, vert dette sjølvsagt gitt. Før sprøyta vert sett, smør tannlegen pÃ¥ ein bedøvande gele for Ã¥ dempa ubehaget ved spøytestikket. 

 

Elles sÃ¥ hentar og bringar me til kvar timeavtale og er med heile tida under behandlinga. Tannlegen vÃ¥r kan litt engelsk, men er det noko som skulle vera uklart, er me der for Ã¥ hjelpa til. Tannlegane "vÃ¥re" er ekteparet Tuncay og Hale Sarmaz, er veldig flinke og nøyaktige, og er ikkje fornøygde før alt er 100 % som det skal vera.  Tuncay Sarmaz er utdanna kjeveortoped, og kan ta seg av dei fleste utfordringar!

 

Prisar :

 

​
Fylling : 700,- kr.

Rotfylling : 1500,-kr.

Trekking : vanleg 450,-kr   operativt  : 950,- kr.

Rens/polering : i tillegg til anna behandling : 450,- kr. Berre rens som einaste behandlind : 550,-

Krone : porselen : 2000,- kr   zirkon : 4000,-

Implantat :  frÃ¥ 8500,- kr  til 10 500,- kr avhengig av kvalitet . I tillegg kjem prisen for ei krone til Ã¥ ha oppÃ¥ skrua.

Protese : halv : 6000,-kr.   heil : 12 000,-  Prisen pÃ¥ delprotese avhengig av antal tenner.

Bleiking : 2500,- kr

Betalingsmåte :

Slik som Norge var for fleire mannsaldrar sidan, er Tyrkia fortsatt eit kontantbasert samfunn. Fleire av prisane me har forhandla fram med tannlege og laboratoriet, er basert på kontant betaling. Så det betyr at me svært gjerne vil ha betaling i kontantar. Men me jobbar med å få i stand ei ordning for betaling med kort, - me vil koma tilbake med oppdatering om dette så snart det er i orden.

​

A+ Galleri
Gjer ein avtale :

Mobil : 0090 553 393 29 19

Fasttlf. 0090 242 522 48 49

epost adr. : gonca6y@hotmail.com

Facebook : A+-tannlege

 

© 2023 by The Amazing Smile. Proudly created with Wix.com

  • Wix Facebook page
  • Twitter Classic
  • Google+ App Icon
bottom of page